100 tilsette fekk eit ”løft” om forflytning

Helse - forflytning 1 - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune ynskjer å jobbe førebyggjande for innbyggjarane, men også for dei tilsette. Kunnskap om forflytning, gode arbeidsteknikkar og bruk av hjelpemiddel er også med å forebyggje skadar og belastningslidingar hos dei tilsette. Ein skal ikkje løfte, men ”forflytte”.

I år valgte tenesteleiarane innan pleie, rehabilitering og omsorg å gjere ein stor satsing på å auke kompetanse på temaet forflytning. 100 tilsette frå heimetenesta, institusjon og miljøtenesta deltok då fysioterapeut Per Halvor Lunde heldt kurs for tilsette i Vågsøy kommune 23. og 24. april.

Per Halvor Lunde har i nærmare 30 år hatt fokus på å finne lette måtar å jobbe på i helsesektoren. ”Viss det er tungt, så gjer ein noko feil” fortel Per Halvor. Ved å nytte glatte stoff og gode teknikkar kan ein hjelpe brukarar utan å bruke krefter, og det skåner kroppen til brukar og til dei tilsette.

Kurset vart arrangert av fysioterapeut Astrid Sørgård og ergoterapeut Hilde Barmen i samarbeid med tenesteleiarane og gruppeleiarane. «Vi ser stor verdi i at så mange tilsette får same opplæringa på ein gang», fortel tenesteleiar Margreet Maijer.  

Sjå bilder frå kurset her:

Helse - forflytning 2 - Klikk for stort bilete  

 

 

 

Helse - forflytning 4 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Helse - forflytning 3 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Helse - forflytning 5 - Klikk for stort bilete

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 02.05.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering