Helsestasjon for ungdom (HFU)

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Helsestasjon for ungdom ligg i underetasjen på Rådhuset, rett ovanfor Måløy Brygge.

Helsestasjon for ungdom har ope kvar onsdag frå kl 14.30 til kl 16.30. Du treng ikkje tinge time på førehand.
Lege er frå kl. 14.30 - 15.30.

Helsestasjon for ungdom er eit supplement til skulehelsetenesta. Vi ynskjer at ungdom skal kjenne seg ivaretekne i høve til fysisk og psykososial helse.

Tilbodet er for ungdom mellom 13-20 år, både jenter og gutar, og er gratis. Helsesyster henviser til andre i hjelpeapparatet etter behov.

Vi har teieplikt!
Bilde ungdommens helsestasjon - Klikk for stort bilete

 



 

 

 


Her kan du få rettleiing om mellom anna:

  • Kroppen si utvikling.
  • Graviditet, prevensjon.
  • Seksuelt overførbare sjukdomar.
  • Spiseproblem.
  • Slanking.
  • Overvekt.
  • Røyk.
  • Rus.
  • Stress.
  • Tristhet.
  • Søvnproblem.
  • Personlege problem eller bekymringar i forhold til heim, skule eller vener.
     


Eller du treng hjelp til dette:

  • Resept på prevensjon.
  • Tatt graviditetstest/urinprøve.
  • Gratis kondom.
  • Klamydiatest.


Sjå òg: helsestasjon og skulehelsetenesta.

Kontaktinformasjon ungdommens helsestasjon
Kontaktinformasjon ungdommens helsestasjon
Namn:Telefon:E-post:
Sentralbord57845000post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lise Karlsen91246117anne-lise.karlsen@vagsoy.kommune.no
Turid Blålid90016794turid.blalid@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering