Kva er FiksGatami?

Kø Rv 617 om morgonene 5. juli 2006

FiksGataMi er ein nettstad for å hjelpe folk til å rapportere problem, vise, eller diskutere lokale problem dei har funne i sitt område ved ganske enkelt å finne dei på eit kart. Du kan melde problem uten å tenkje på kva offentleg myndigheit som er ansvarleg for å løyse det, det finn FiksGataMi ut for deg.

Kva slags problem kan eg rapportere med FiksGataMi?
FiksGataMi er hovudsakleg for rapportering av ting som er øydelagt, skada, dumpa eller treng å bli reparert, reingjort eller rydda. Dette kan for eksempel være:

  • Forlatte kjøyretøy
  • Gatelys som ikkje verkar
  • Plakater eller graffiti
  • Boss
  • Behov for reingjering
  • Behov for brøyting
  • Glatt veg eller gangveg


Kva er FiksGataMi ikkje?
FiksGataMi er ikkje ein måte å kome i kontakt med offentleg myndigheit for alle spørsmål - vennligst bruk FiksGataMi bare for problem som dei ovanfor nemnde. Du må kontakte offentlege myndigheiter direkte for problem som for eksempel:

  • Saker som hastar eller akutte problem
  • Støyforureining eller bjeffande hundar
  • Brann og røyk / luktforureining
  • Endringsforslag til kommune, fylke eller stat
  • Klage over naboane
  • Kriminell aktivitet


Korleis brukar eg nettstaden?
Når du har lagt inn eit postnummer eller stad, vert du presentert med eit kart over det området. Du kan sjå problemer allereide rapportert i området, eller rapporten sjølv på eiga hand ved å klikke på kartet for plasseringa av problemet.

Korleis vert saka løyst?
Saka vert meld til offentlege myndigheiter via e-post. Saka vert so handsama på normal måte. Alternativt kan du diskutere problemet på nettstaden med andre, og då saman påverke offentlege myndigheiter til å fikse det, eller fikse det direkte sjølv.

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 04.01.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering