Adresseendring i gate 7 i Måløy

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Innan november månad vert det føreteke adresseendring i Gate 7 i Måløy.

For å få eit heilheitleg adressesystem etter standarden som Kartverket set, må gatene omadresserast.Dette medfører at dei fleste husstandane vil få nytt nummer.
Alle bebuarar vil få tilsendt eige brev om adresseforandring. Ny adresse vert gjeldande frå ein får brev.

Vågsøy kommune bestiller inn nye husnummerskilt. Når skiltene er tilgjengelege vil ein informere om dette på kommuna si heimesida og i Fjordenes Tidende. 

Dersom du leiger ut bustad eller lokaler, må du sørge for at leigetakar får meldt endring på Folkeregisteret eller Brønnøysundregisteret.

Den tildelte adressa er eigedomen/bustaden si offisielle adresse. Dette blir også postadressa dersom ikkje postboks eller anna er avtalt med Posten. Posten og Folkeregisteret er informert om adresseendringa og treng ikkje eiga melding, men venlegast informer dine øvrige forbindelsar om den nye adressa.  

På Posten sine nettsider finn du også ei enkel løysing slik at du raskt kan informere kontaktane dine om den nye adressa. Sjå www.posten.no\meld-riktig-adresse. På www.posten.no\min-side-adresse kan du dessutan kontrollere om Posten har registrert di rette postadresse, og du kan eventuelt endre denne sjølv.

Har du spørsmål til Posten, kontakt Posten kundeservice på telefon 810 00 710 eller internett, www.posten.no.

 

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 26.10.2016