Adressetildeling i Sør-Vågsøy

Kommunevåpen std - Klikk for stort bilete

Innan mars månad vert det føreteke adressetildeling i dei områda i Sør-Vågsøy som ikkje allereie har fått nye adresser.

For å få eit heilheitleg adressesystem etter standarden som Kartverket set, må ein tildele vegadresser. Dette medfører at alle husstandane vil få vegadresse.

Alle heimelshavarar vil få tilsendt eige brev om adressetildeling. Ny adresse vert gjeldande frå ein får brev.

Vågsøy kommune bestiller inn nye husnummerskilt, som vert sendt i posten i løpet av sommaren.

Dersom du leiger ut bustad eller lokaler, må du sørge for at leigetakar får meldt endring på Folkeregisteret eller Brønnøysundregisteret.

Den tildelte adressa er eigedomen/bustaden si offisielle adresse. Dette blir også postadressa dersom ikkje postboks eller anna er avtalt med Posten. Staten, kommunen, helsevesen, bankvesen posten og folkeregisteret er informert om adresseendringa og treng ikkje eiga melding, men venlegast informer dine øvrige forbindelsar om den nye adressa.  Dersom du får brev frå desse instansane til ei annan adresse, må ein ta kontakt med folkeregisteret.

På Posten sine nettsider finn du også ei enkel løysing slik at du raskt kan informere kontaktane dine om den nye adressa. Sjå www.posten.no\meld-riktig-adresse. På www.posten.no\min-side-adresse kan du dessutan kontrollere om Posten har registrert di rette postadresse, og du kan eventuelt endre denne sjølv.

Har du spørsmål til Posten, kontakt Posten kundeservice på telefon 810 00 710 eller internett, www.posten.no.
 

 

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 27.02.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering