Akseptkriteria og mal for ROS-analyse

Akseptkriteria og mal for ROS analyse-rev. 2015 - Klikk for stort bilete Det er krav i plan- og bygningslova til at arealplanar tek omsyn til risiko og sårbarheit (ROS) som kan true liv, helse, miljø, viktig infrastruktur og materielle verdiar.

Dersom det ikkje er utført tilfredsstillande ROS-analyser av arealplanar, kan kommunen verte erstatningsansvarleg for hendingar dersom det ikkje er gjort tilstrekkelege undersøkingar og vurderingar før det vert utarbeidd plan og gitt byggjeløyve.

Norsk Standard NS 5814:2008 viser til at akseptkriteria som vert lagt til  grunn for ROS-analysen, skal vedtakast i ansvarleg organ før ein startar på sjølve analysen. Vågsøy kommunestyre har i sak K-004/15 den 29.01.2015 vedteke reviderte kriteria.

Akseptkriteria og mal for ROS-analyse. (PDF, 2 MB)

Publisert av Therese Sæbøe Strand. Sist endra 09.02.2015