Detaljregulering for massetak Middagshaugen gbnr. 93/1 på Almenningsfjellet. Varsel om oppstart av planarbeid

Detaljregulering for massetak Middagshaugen - Klikk for stort bilete

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for del av eigedomen bnr. 93 bnr. 1 m. fl. i Vågsøy kommune.

Kvernevik AS er forslagsstillar og OSE ingeniørkontor AS er plankonsulent for planarbeidet. 

Lokalisering
Planområdet ligg aust for Allmenningsfjellet, om lag 300 m nord for kryss mellom  riksveg 15 og fylkesveg 618, i Vågsøy kommune.
Planområdet
Planområdet består av eigedomane gnr./bnr. 93/1, del av 93/3 og 11 og er på om lag  83 daa. Planområdet er teke i bruk som massetak, Statens vegvesen har gjeve mellombels løyve for avkøyrsel til massetak/-deponi i brev av 28.07.2009. Plangrense langs fv. 618 kan bli justert avhengig av krav til breidde. Det blir lagt til grunn dimensjoneringsklasse L1, utbetring av veg, etter ny handbok N100.    
 
Planstatus
I arealdelen for Vågsøy kommune 2002 - 2014 har planområde formål massetak og  go-cart. 
 
Mål med planarbeidet
Målsetjing med planen er å leggje til rette for:
• Masseuttak
• Massedeponi
• Go-cart bane
 
Oppstartsmøte med kommunen
Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 05.12.2018, med 
følgjande hovudpunkt:
• Skredfare
• Landskapsverknad – nær og fjern
• Trafikk
• Forureining
• Overvasshandtering
• Driftsplan
 
Konsekvensutgreiing
Arealbruk er i hovudsak avklart i overordna plan. Det er planar om å ta ut steinmassar med volum rundt 1 – 1,6 million m³, for eit areal på om lag 81 daa. Etter vedlegg I nr 19, vil ikkje planlagt masseuttak kome opp i kriteria som vil krevje konsekvensutgreiing: minst 200 daa samla overflate som blir råka og samla uttak av meir enn 2 millionar m³ masse. 
 
Vurdering av tiltaket for verknadar knytt til miljø eller samfunn:
• Både omfang og kvalitet av massane tilsei at tiltaket ikkje vil få verknad for miljø eller samfunn 
• Det er uttak av ressurs som finns lokalt, med fleire førekomstar som har same eigenskapar og kvalitet
• Tiltaket hindrar ikkje seinare utnytting av ressursen
 
Etter ei samla vurdering vert det vurdert at verken detaljplanen eller tiltaket ikkje medfører krav om konsekvensutgreiing eller planprogram. 
 
Informasjon og medverknad
Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post bjarte@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje små negative ulemper for naboar. Det blir difor ikkje lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeid. 
 
Meir informasjon
Møtereferat frå oppstartsmøtet 05.12.2018, planinitiativ, varslingsbrev og forskjellege kart blir lagt ut på Vågsøy kommune og på OSE sine heimesider under kunngjeringar. 
 
Merknadar til oppstartsmeldinga 
Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast: 
 
OSE ingeniørkontor AS på e-post firmapost@oseing.no eller 
OSE ingeniørkontor as
Vikegata 19 A, 
6150 Ørsta
 
Frist for merknadar er sett til 11.01.2019. Merk fråsegn med P1531.
 
Alle merknadar blir sendt kommunen saman med planframlegget. 
 
Vidare sakshandsaming
Etter at meldingsfrista er ute vil plandokumenta bli utarbeidd for deretter å bli sendt kommunen for sakshandsaming. Etter handsaming i kommunen blir plandokumenta lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak.
 
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 11.12.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering