Høyring og offentleg ettersyn av Detaljregulering for Måløy Stormarked

Vågsøy kommune vedtok, i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10 å leggje forslag til Detaljregulering for Måløy Stormarked, datert 29.01.2018 og sist revidert 11.10.2018, planID 201505, ut på høyring og offentleg ettersyn.

Vedtaket

«I tråd med Plan- og bygningslova (pbl) §12-10 kan Detaljregulering for Måløy Stormarked, planid: 201505, datert 29.01.2018 motteke 29.01.2018 og supplert den 20.02.2018 og 27.02.2018 sendast ut på høyring og offentleg ettersyn etter at innsendt planframlegg er endra i tråd med punkt 1-17 i saksutgreiinga.»

Plankart, planomtale, føresegner, kopi av saksframlegg og saksprotokoll, og andre sentrale saksdokument er linka opp under artikkelen. Dokumenta er også tilgjengeleg på Servicetorget i Rådhuset, Gate 1 nr. 64, 6701 Måløy. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Servicetorget på tlf. 57 84 51 47.

Frist for å kome med merknader er sett til 04.01.2018. Merknadar kan rettast til:

Vågsøy kommune
Postboks 294
6701 Måløy
eller e-post: post@vagsoy.kommune.no.

Formål med planen

Planen legg til rette for ei utviding av kjøpesenteret Måløy Stormarked på Myrane Næringsområde i Deknepollen. Utvidinga er inntil 10 000 m² og 1 500 m² lager, og skal ligge i tilknyting til eksisterande kjøpesenter, fordelt på to etasjar og utviding av eksisterande lagerbygg. Planen legg også til rette for utviding av parkeringsarealet på framsida av kjøpesenteret, i eit område som i dag er regulert til friområde. Planforslaget opnar for 100-120 nye parkeringsplassar, som skal dekke både dagens parkeringsbehov og behovet etter framtidig utviding av kjøpesenteret.

Krysset frå Rv.15 og inn til Måløy Stormarked skal utbetrast slik at det tilfredsstiller geometrikrav. I samband med dette skal tilkomstvegane inn til eksisterande bustader frå krysset leggast om/utbetrast. Planen regulerer også inn fortau langs den kommunale vegen mellom Rv.15 og Måløy Stormarked.

Langs Deknepollvatnet skal det etablerast turvegar, som går nordover til nærliggande forretningsområde, og austover til neset nord for kjøpesenteret. Dette skal gjere området meir attraktivt for bruk til leik og friluftsliv.

Lokalisering av planen

Detaljregulering Måløy Stormarked, Figur 1 - Planen ligg innanfor stipla linje på kartutsnittet - Klikk for stort bilete

Detaljregulering Måløy Stormarked, Figur 2 – Plankart og planavgrensing - Klikk for stort bilete

Filer
Publisert av Tiffany Huston. Sist endra 15.11.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering