Kunngjering: Detaljregulering for Solvang leilighetsterrasse og næringspark, gbnr 104/17, 84 m.fl.

Detaljregulering for Solvang leilighetsterrasse og næringspark - kart - Klikk for stort bilete Med dette vert det varsla om oppstart med detaljregulering og offentleg ettersyn av planprogram i samsvar med Plan- og Bygningslova  § 12.8 og 12.9 for eigedomen gbnr. 104/17, 84 m. fl. i Deknepollen, Vågsøy Kommune. Arealet innanfor føreslegen plangrense på kartet er på om lag 27 350 m2. Det kan bli aktuelt med justering av plangrensa dersom ein i dialog med vegvesenet finn dette føremålstenleg.

Føremålet med planen er å legge til rette for utbygging av næring og bustader på tomta. Ein ser føre seg næringsdelen lokalisert til søre delen av tomta og bustaddelen mot grøntbelte og sjøen i nord.

Planen vil erstatte reguleringsplan etter eldre plan og bygningslov og utløyser krav om planprogram etter pbl § 4-1 og konsekvensutredning etter pbl § 4-2 og KU-forskrifta § 2. 

Planinitiativ og planprogram kan du lese her (PDF, 11 MB).
 
Tiltakshavar er Dragebygg AS, 6750 Stadlandet, og planen vil bli utarbeidd av Magne Bergseth, sivilarkitekt mnal, 6068 Eiksund i samarbeid med Flataker Landskap, Ålesund og Plottaplan A/S Bergen.
 
Synspunkt og merknader skal fremjast skriftleg innan onsdag 19. september 2018 til: 
 
Dragebygg AS, 6750 Stadlandet v/Heming Drage, e-post: heming@dragebygg.no 
Eller:
Sivilarkitekt mnal Magne Bergseth Havågvegen 52 6068 Eiksund, e-post: magne@havberg.no 
 
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 09.07.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering