Offentleg ettersyn - Endring av reguleringsplan for bu- og omsorgssenter på Kulen

Bilde.png - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune kunngjer, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10, offentleg ettersyn av Endring av reguleringsplan for bu- og omsorgssenter på Kulen, i samsvar med vedtak i Vågsøy formannskap, 20.09.18, F-sak 160/18.

Lokalisering og formål med planen:
Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ei utviding av eksisterande omsorgssenter. Utvidinga er tenkt plassert vest for parkeringsplassen. I tillegg er det planlagt etablering av ny parkeringsplass og ei utbetring av gang- og sykkelvegen.

Område for omsorgsbustader er noko redusert mot nord og utvida mot vest. Omfanget av parkeringsareal er redusert oppe ved omsorgssenteret og utvida nede ved vegkrysset i vågen. 

Bilde.png - Klikk for stort bilete

Vedtaket:
«I tråd med Plan- og bygningslova (pbl) §12-10 vedtek formannskapet å leggje Endring av reguleringsplan for Bu- og omsorgsenter på Kulen, utviding mot vest, gbnr 105/173, planid: 201801, datert 11.09.2018 ut til offentleg ettersyn etter at innsendt planframlegg er endra i tråd med avsnittet vurdering i saksutgreiinga.»

Saksdokument:
Planen, i målestokk 1:1000, med føresegner og planomtale, og andre sentrale dokument i saka, finn du linkar til under kunngjeringsteksten. Dokumenta er òg tilgjengeleg på Servicetorget i Rådhuset.

Merknader til planframlegget og frist for innsending:
Merknader kan rettast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy innan 09.11.2018.


Tilhøyrande analyser og utgreiingar for planframlegget

Overordna vurdering av lokalisering, utarbeida av Vågsøy kommune, datert 25.01.2018
Vurderinga gjer greie for kommunen sitt behov for fleire omsorgsbustader og institusjonsplassar. Rapporten konkluderer med at av aktuelle tomter er det berre Kulatoppen som er eigna for ei samlokalisering og løysing nært tilknytt eksisterande omsorgssenter.

Risikoanalyse av brannspredning mellom Måløy havneservice og Kulatoppen omsorgssenter, utført av Norconsult, datert 15.06.18
Det er gjennomført ei risikoanalyse, der det er sett på risiko knytt til brannspreiing til Kulatoppen omsorgssenter frå Måløy Havneservice. Ulike tilrådde tiltak i analysen er innarbeidd i plandokumenta.

Melding etter Storulykkeforskriften for MHSERVICE Måløy, utarbeida av MHSERVICE, datert 28.03.2018
MHSERVICE har ei avdeling i Måløy for bunkring av fartøy med tilhøyrande aktivitet. Meldinga er utarbeidd då dei er underlagt rapportering og innmelding til DSB, jamfør Storulykkeforskriften. Meldinga konkluderer med forslag til tiltak for gjennomføring på anlegget.

Trafikkvurdering for avkøyring til Ytre Kulen frå Rv 15, i samband med utbygging av Kulatoppen omsorgssenter, utarbeidd av Nordplan, datert 07.09.2018
Det er gjennomført ei trafikkanalyse, der ein har sett på trafikkmengd i Rv 15 og trafikk inn og ut av krysset for Ytre Kulen. Analysen viser at det er behov for tiltak i krysset, med etablering av trafikkøy (dråpeøy) og venstresvingefelt. Det er søkt om avvik frå dette (sjå punktet nedanfor).

Fråvik frå vegnormalane, sendt frå Nordplan, datert 07.09.18
Med bakgrunn i behov for rask framdrift i byggjeprosjektet er søknad om fråvik knytt til krysset med rv15 sendt Statens vegvesen parallelt med utlegging av planen til offentleg ettersyn. Det er søkt om avvik for venstresvingefelt i riksvegen og trafikkøy (dråpeøy) i sekundærvegen. Kommunen har vurdert det slik at det er grunnlag for fråvikssøknad.

 

Endring av reguleringsplan for bu- og omsorgssenter på Kulen, utviding mot vest (PDF, 588 kB)
Samla innspel Endring av reguleringsplan for bu- og omsorgssenter på Kulen (PDF, 25 MB)
Melding etter Storulykkeforskriften MHSERVICE MÅLØY V 2-3 (PDF, 10 MB)
Kulatoppen - Føresegner (PDF, 175 kB)
Kulatoppen - Planomtale (PDF, 3 MB)
Kulatoppen - ROS (PDF, 721 kB)
Kulatoppen - Trafikkanalyse 20180907 (PDF, 372 kB)
Kulatoppen - Risikovurdering Brannspredning Kulatoppen Omsorgssenter (PDF, 8 MB)
Kulatoppen - Overordna vurdering av lokalisering (PDF, 3 MB)
Fråvikssøknader Rv 15 Måløy 17012 (PDF, 186 kB)
Plankart Endring av reguleringsplan for Bu- og omsorgssenter på Kulen (PDF, 705 kB)
Fråviksskjema kryss Rv15 - Ytre Kulen dråpeøy (PDF, 2 MB)
Fråviksskjema kryss Rv15 - Ytre Kulen venstresvingefelt (PDF, 2 MB)
Kulatoppen - Innspelskjema (PDF, 120 kB)

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 28.09.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering