Områderegulering for fv. 61 Naveosen - Brubakken

Naveosen-Brubakken - Statens vegvesen.JPG - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen legg i samarbeid med Vågsøy kommune eit forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn. 

Formannskapet vedtok i sak 213/18 den 22.11.2018 å leggje planframlegget ut til offentleg ettersyn.

Hovudmålet for planarbeidet er å leggje grunnlaget for utbetring av eksisterande fv.61 mellom Naveosen og Brubakken i Vågsøy kommune. Utbetringa vil gje auka trafikktryggleik og betre framkome på strekninga.
 

Ope møte
I høyringsperioden vil det bli arrangert ope møte den 17. januar kl.18.00 på Bryggja grendahus. Tidspunkt for dette blir annonsert i lokalavis, samt i brev til grunneigarar i området.

Merknadsfrist

Eventuelle merknader til reguleringsplanen må sendast skriftleg innan 1. februar til:

Statens vegvesen, Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger

eller til firmapost-vest@vegvesen.no

Handsaming
Etter at høyringsfristen er ute vil Statens vegvesen ta stilling til alle innkomne merknader. Alle innkomne merknader og Statens vegvesen sine kommentarar til desse blir deretter sende til Vågsøy kommune. Kommunen handsamar reguleringsplanen med grunnlag i reguleringsplan, innkomne merknader og Statens vegvesen sine kommentarar til merknadane.

Spørsmål til planen kan stillast til:

Otto Eikeset, Statens vegvesen
Tlf. 911 43 676, otto.eikeset@vegvesen.no

Janne Midtbø, Vågsøy kommune
Tlf. 578 45 071, janne.midtbo@vagsoy.kommune.no

 
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 17.01.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering