Varsel om planoppstart - Tilrettelegging for sti/trapp/fortau frå Gate 2 til Gate 4

Gate 2 sti - Klikk for stort bilete I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 117/3 mfl., i Vågsøy kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Vågsøy kommune, tenesteområdet drift og anlegg.

Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for sti/trapp/fortau frå Gate 2 og opp til Gate 4 og fram til Vågsøy Ungdomskule i Måløy Sentrum. I Reguleringsplan for Måløy (1966) og for Gotteberg (1988) er søre del av aktuell trase vist som parkeringsplass, i nordre del er gbnr 166/227 vist som offentleg bygg/leikeplass, medan resten er vist som privat grunn og offentlege vegar.

Trafikktryggleik og samferdsle, grønstruktur og landskap, born og unge, og risiko og sårbarheit i høve miljøfaglege og hydrologiske forhald (bekkekryssing) er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev. Det vert og vurdert invitasjon av ungdomsskulen/elevar/foreldre til dialogmøte.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 18.01.2019
Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/ 96627987

Filer
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 14.12.2018