Vedteken reguleringsplan for Amonda

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommunestyre har 23.03.11 eigengodkjent detaljreguleringsplan for bustadfeltet Amonda i Måløy. Vedtaket er gjort med heimel i Plan- og bygningsloven (2008). Eventuell klage må fremjast innan 30. november 2012.

Planen omfattar i hovudsak ”Amondamarka” nordaust i Måløy, og der den tidlegare sjukeheimen er regulert til blokkbebyggelse (BB – sterk gulfarge) og marka bak til frittliggande småhusbebyggelse (FB – lys gulfarge). Sjå arealplankart. (PDF, 4 MB)

På Gottebergsryggen er det regulert inn friområde og friluftsområde, mens det i vest og nord er regulert inn tilkomstvegar til det nye bustadfeltet. Den tidlegare sjukeheimen har den same tilkomstvegen som før.

Reguleringsplanen vart samrøystes vedteken, men Kommunestyret vedtok 25.05.11 i K-sak 035/11 (lovlighetskontroll) å ikkje oppretthalde endringspunkt 14 i vedtaket (bygging av garasje).

Her finn du planbeskrivelse (PDF, 6 MB) og møtebok (PDF, 624 kB).

Vedtaket kan påklagast etter Plan- og bygningslova § 12-12 jf. § 1-9 og forvaltningslovens kap. VI. Klage må vere sendt til Vågsøy kommune, Postboks 314, 6701 Vågsøy, eller til post@vagsoy.kommune.no, innan 30.11.12.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast kommunen innan tre år etter denne kunngjeringa (jf. Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

Planhefte med planomtale, reguleringsplan (kart), føresegner, og sakspapir (vedtak) vert også kunngjort på Servicetorget på rådhuset i Måløy og i Fjordenes Tidende.

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 23.10.2014
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering