Måndag 14. september 2015 er det val av nytt kommunestyre. I Vågsøy kommune skal det veljast 27 representantar til kommunestyret.
Kommunestyret skal deretter konstituere seg og velje ordførar, varaordførar, formannskap og medlemer til dei faste utvala i kommunen.
Samstundes med val til kommunestyre skal det veljast medlemer til fylkestinget i dei 26 kommunane i fylket.
Kommunal- og regionaldepartementet har oppretta ei nettside med tanke på å gje god informasjon om valet. På valg.no finn ein oversikt over fristar, manntal, korleis veljaren skal få røyste på førehand og på sjølve valdagen.
Røystestad Røyste heime? Røystestyra Valstyret er ansvarleg Valstyret Førehandsrøysting Kvar skal eg røyste? Oversikt lister og kandidatar (PDF, 40 kB)