Nordfjordrådet

Nordfjordrådet - Klikk for stort bilete

Nordfjordrådet er eit interkommunalt råd der kommunane Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy deltek. Bremanger kommune melde seg ut av rådet med verknad frå 2013.

Nordfjordrådet vart formelt skipa i 1994, og er oppretta med heimel i
kommunelova sin § 27, nr. 1.
Sjå vedtektene til Nordfjordrådet her. (PDF, 32 kB) 

Nordfjordrådet skal vere ein interesseorganisasjon for alle dei deltakande kommunane på alle område og alle plan, og skal dessutan vere eit organ for løysing av felles spørsmål og oppgåver for dei same kommunane.

Kommunestyret i den einskilde kommunen gjer vedtak om innmelding i Nordfjordrådet og godtek med det vedtektene for rådet. Dersom ein kommune ønskjer å gå ut av Nordfjordrådet, må kommunestyret gjere vedtak om dette. Kommunen går då ut av Nordfjordrådet etter 6 mnd. varsel.

Dei til ei kvar tid fungerande ordførarane i dei deltakande kommunane utgjer medlemene av Nordfjordrådet. Varaordførarane er personlege varamedlemer for sine ordførarar.

Nordfjordrådet vel ein rådsordførar og ein vararådsordførar mellom medlemmane sine. Valperioden for desse fylgjer ordførarvalsperioden i kommunane. Avgåande rådsordførar kallar inn til første møte.

Administrasjonssjefane i medlemskommunane har møte- og talerett i rådet.

Leiar og nestleiar blir valde for 2 år om gongen.

Dagleg leiar for Nordfjordrådet er 
Roger Aa Djupvik, tlf 918 27 841, e-post roger.djupvik@gloppen.kommune.no 

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 13.09.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering