Informasjon om sikring av hund - Bandtvang

Sikring av hund - Båndtvang - Klikk for stort bilete I Vågsøy kommune er det hundelova sine bestemmelsar som gjeld i forhold til bandtvang og sikring av hund. Også utanom sjølve bandtvangperioden skal du ha full kontroll over hunden din.

Kapittel 2 i hundelova har bestemmelsar om sikring av hund både i og utanom bandtvangperioden - f.eks:

  • Hunder kan vere lause berre når dei
    a) blir fulgt og kontrollert på aktsom måte, eller
    b) er forsvarleg innegjerda på ein stad som ikkje er opent for allmenn ferdsel
  • Du skal ha kontroll med hunden når du har den i band
  • Du skal sjå til at hunden ikkje farer mot, hoppar på, forfølger eller stiller seg i vegen for folk som ikkje godtar dette
  • Du skal vise særleg aktsomheit der det er born
  • Du skal ikkje gå frå ein bunda hund rett ved inngangen til ein bygning som er open for allmennheita eller ved leikeplassar
  • I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal ein hund bli holdt i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengt
  • Kommunen kan gje forskrift om at hunder skal holdast i band eller forsvarleg innestengt eller innegjerda

Bandtvang er omtalt i Politivedtektene for Vågsøy som ligg på Lovdata. Sist endra 31.12.2006 for det som gjeld bandtvang, jfr. reglane i Hundelova av 04.07.2003.