Vågsøy gjennomførte samtalar med Bremanger og Flora kommunar om ei utredning i høve ei kystkommune. Samtalane starta opp i november 2015. Det vart halde felles formannskapsmøte i Kalvåg 04.02.2016.
Kommunestyret i Bremanger vedtok 11.02.2016 at kommuna ikkje skulle gå vidare med utredning og forhandlingar med kommunane Flora og Vågsøy.
Ein vil vidare sjå på korleis ein skal nytte det samarbeidet som har vore gjort til no, for at det skal bidra til utvikling i dei tre kommunane og til felles beste for kysten.
Flora og Vågsøy fortsatte forhandlingane om ei kystkommune. Les meir om dette i artikkelen "Nye Kinn kommune".
Prosjektdokument Del I Kystalternativet (PDF, 2 MB)
Prosjektdokument Del II Kystalternativet - Pol. og adm.org. (PDF, 619 kB)
Prosjektplan Kystalternativet (PDF, 266 kB)