Publisert 17.07.2017
Valglogo

Alle velgarar får tilsendt valkort i posten. Valkortet blir sendt ut i begynnelsen av august månad.

Valkortet blir laga på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til velgarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har stemmerett i.

På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen.

Dersom du førehandsstemmer, kan du stemme i alle kommunar i landet. Stemma di blir då sendt til heimkommunen din.

Det er ikkje nødvendig å ha med seg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for dei som tar imot stemma di dersom du har valkortet med deg. Det går då raskare for deg å stemme.

Har du ikkje fått valkortet i posten eller har mista det, kan du altså likevel møte opp i vallokalet for å stemme.

Første Førre | Neste Siste