Publisert 11.04.2012
Helse Førde

Samhandlingsbarometeret er ein nettstad utvikla i eit samarbeid mellom helseforetak og kommunar. Formålet er å samle og presentere tilgjengeleg statistikk og anna informasjon som er særleg relevant for samhandling mellom helseforetaket og kommunane.
Gjennom nettstaden vil kunnskap verte tilgjengeleg for både kommune- og spesialisthelstenesta i Sogn og Fjordane, og kunne styrke grunnlaget for samarbeid mellom tenestenivåa. Nettstaden vil ha informasjon om tilvisingspraksis og forbruk av spesialisthelsetenesta, og innehalde indikatorar frå kommunane der ein ser føre seg at det vil skje endringar i samband med samhandlingsreforma.

Lansering av nettstaden vil skje på Samhandlingskonferansen den 12.04.2012. Det ligg då føre ein første versjon av nettsida. Samhandlingsbarometeret vil vere under kontinuerleg utvikling i tida framover, og innehalde data og prosjektarbeid av og i frå kommunane og Helse Førde.

Du kjem inn på nettsida gjennom denne lenka: https://samhandlingsbarometeret.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering