Batterijakten 2017 - Miljødugnad for barn

batterijakten.jpg - Klikk for stort bilete

Miljøagentene arrangerer Batterijakten for femte gong frå 8. til 28. mars 2017. Batterijakten er Noregs største miljødugnad for barn. Det er ein morosam, miljøvenleg og lærerik konkurranse, som både skapar engasjement og samhald i klasserommet. I fjor samla batterijegarar inn over 60 tonn batteri til attvinning. Vi håpar at årets fjerdeklassingar kan gjere ein vel så god innsats for miljøet! Hovudpremien er 30.000,- kvar til to vinnarklasser.

Frå Vågsøy har 4. klasse ved Skavøypoll skule allereie stadfesta at dei er med. Er det fleire som vil?

Påmelding og meir informasjon på www.batterijakten.no

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 08.03.2017