Besøk frå Herøy kommune

Bilde fra besøk av Herøy kommune - Klikk for stort bilete 03.10.2013 hadde eigedomsavdelinga i Vågsøy besøk frå Herøy kommune. Eigedomsjef Frode Weltzien og leiande reinhaldar Tove Lill Refvik Volle tok i mot dei. Dei besøkande fekk òg helse på ordførar Morten A. Hagen.

Herøy skal i gong med omlegging på reinhald og ville høyre med oss korleis vi har løyst oppgåvene. Vi gjekk gjennom korleis vår prosess har vore, kvar vi er komt i dag og kor vi skal vidare.
Etterpå hadde vi omvisning på Vågsøy ungdomsskule, Skram skole, Skavøypoll barnehage og Kulatoppen omsorgssenter.
Dei besøkande frå Herøy likte veldig godt både det dei fekk høyre og det dei fekk sjå.
Vi i Vågsøy syntes det var veldig kjekt å få besøk, alltid kjekt å kunne dele erfaring og kunnskap.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 04.10.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering