Bli kjent med Kinn kommune - Informasjonsmøte 09.01.2018

Kinn kommune - Prosjektlogo - Klikk for stort bilete

Vi ønskjer deg hjarteleg velkommen til informasjonsmøte om Kinn kommune 
Parken Kulturhus på Raudeberg tysdag 9. januar kl. 19.00 - 21.00!
Her vil vi gje førstehandsinformasjon om prosessane rundt etableringa av kommunen og svare på spørsmål som innbyggjarane har.

Møtet vil bli filma og lagt ut i etterkant av møtet på kommunen si heimeside.

Informasjonsplakat (PDF, 98 kB)

Vel møtt!

Frå 1. januar 2020 vert kommunane Vågsøy og Flora slegne saman til Kinn kommune, og det er mange brikker som skal falle på plass i løpet av dei komande to åra. Vi er opptekne av god faktainformasjon ut til innbyggjarane, og vi inviterer difor til ope møte der vi håper at nettopp du kjem.

På møtet får du informasjon frå både leiaren i Fellesnemnda Kristin Maurstad og prosjektrådmann
Terje Heggheim. Det vert høve til å stille spørsmål og vi håper på ei fruktbar og informativ samling om den nye kommunen vår.

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 09.01.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering