Bokbad: Unge stemmer frå Sogn og Fjordane

unge stemmer.jpg - Klikk for stort bilete

 

Tysdag 28. mars kl. 19.00 er det mogleg å bli kjent med to unge forfattarar frå Sogn og Fjordane på Vågsøy folkebibliotek. Marianne Clementine Håheim (29) og Kjersti Wøien Håland (28) tek turen rundt til bibliotek i Nordfjord og fortell om forfattarskapen sin og kvar dei finn inspirasjon til diktinga si. Hege Lothe leiar den litterære samtalen.



Turnéen er arrangert av Fylkesbiblioteket i samarbeid med biblioteka. Turnéen er støtta av Fritt Ord og Folkeakademiet i Sogn og Fjordane.

Gratis inngang.

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 20.03.2017