Borgarleg vigsel

Vigsel  - Klikk for stort bilete

Frå og med 1. januar 2018 overtok kommunane anvaret for borgarleg vigsel i Norge. Tidlegare var det tingrettane som hadde dette ansvaret. 

I ekteskapslova går det fram at det er ordførar og varaordførar som har vigselsmynde.  I Vågsøy kommune har og rådmann og kommunalsjef for oppvekst- og kultur og kommunalsjef for helse- og omorg vigselsmynde. Seremonilokalet er kunstmuseet «Den Blå Hesten» som ligg i Gate 1 nr. 98, Måløy.

Har de bestemt dykk for ekteskap, kan de fylle ut skjemaet for vigsel (PDF, 83 kB), og sende inn til Vågsøy kommune: post@vagsoy.kommune.no
Her må de oppgje namn på brudeparet, e-postadresse, telefonnummer, ynskt lokalisering, dato og tid. Kommuna vil ta stilling til høvet for gjennomføring av vigsel slik som brudeparet ynskjer.  Det skal også leggast ved kopi av prøvingsattest når ein sender inn skjemaet.

Skjema for vigsel (PDF, 83 kB)


Prøvingsattest
 

Før de kan gifte dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, brudeparet må legge inn

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Skatteetaten skriv deretter ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
 

Kontakt

Det er tenesteleiar Service i Vågsøy kommune, som administrerar borgarleg vigsel i Vågsøy, ta gjerne kontakt på epost: linda.larsen@vagsoy.kommune.no eller tlf. 90 03 04 09.

Lenkjer til meir informasjon

Retningslinjer for Vågsøy kommune (PDF, 123 kB)Ekteskapslova, jf. Lov om endringar i ekteskapslova , Skatteetaten - Ekteskap i Norge



 

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering