Bryggja skule - Arkitekturprosjekt for 1. - 3. klasse

Bryggja skule ønskjer få vise det flotte arkitekturprosjektet som 1.-3 kl ved Bryggja skule har gjennomført no dei siste vekene. Dei har fått kunskap om korleis bygge både mønetak, flate tak og skråtak. Alle har laga sitt eige hus, teikna først og deretter bygd dei i papp. Så måla dei og innreia! Elevane har sjølve dokumentert arbeida sine ved å fotografere dei.

_A310320, red.jpg - Klikk for stort bilete _B030383,red.jpg - Klikk for stort bilete _A310369,red.jpg - Klikk for stort bilete _A310327, red.jpg - Klikk for stort bilete _A310359,red.jpg - Klikk for stort bilete _A310357,red.jpg - Klikk for stort bilete

Sist veke var det flott opning av utstilling, både med snorklipping(rektor), og servering av saft og kjeks, slik ein ekte vernissasje(utstillingsopning) skal vere. Og det var mange stolte små arkitekt-spirar der å sjå!

Helsing frå Gerd Endestad, kunst og handverklærar ved Bryggja skule

Publisert av Therese Sæbøe Strand. Sist endra 14.11.2016