Dalsneset
Skavøypoll skule har eit fantastisk uteområde ved Dalsneset som vert brukt til fysisk aktivitet og ute-undervisning. Elevane padlar med kano over vatnet og har ein flott samlingsplass for undervisning og matlaging. 6.trinn har faget mat og helse, og det fins vel ikkje ein betre kombinasjon enn å gå og padle over til Dalsneset for å lage middag. Dei laga bakte poteter med havets skattekiste med laks og torsk. Til dessert var det lun fruktsalat med vaniljekesam. Ein super dag der elevane viser ansvar, respekt og vennskap!
Fleire bilder under "Les meir" (Klikk på bildet for større versjon)
Publisert av
Dagny-Ann Gangeskar.
Sist endra 12.05.2016
|