Dans uten grenser

DUG - Klikk for stort bilete

Dans uten grenser er eit prosjekt som utdannar danseinstruktørar som skal tilbake til heimkommunen og ha danseundervisning for andre born og unge. Det er tre ungdomar frå Vågsøy som er med, og i helga var dei vertskap for 53 ungdomar og to instruktørar. Ungdomane som held på utdanne seg i Dans uten grenser kjem frå heile Sogn og Fjordane og denne helga var tema lyrisk dans.

Imponerande kva dei lærte seg på to dagar, og kjekt å ha alle på besøk.

Melding frå danseinstruktør på mandag: "Tusen takk for flott helg med veldig bra vertskap! Vi er så fornøgde :)

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 06.03.2018