Det kjennest godt å kunne oppfylle draumar!

MOT-logo nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete MOT sitt draumefond gir elevane i 9. klasse høve til å fortelle om ein draum dei har, og om hjelp til å oppfylle draumen. 
Årets niande klassingar på Vågsøy ungdomsskule hadde mange fine draumar og nokre av dei har vi fått til å realisere lokalt. Takket vere lokalt næringsliv og offentlege tenester har fem ungdomar brukt vinterferien sin til å få oppfylt ein draum.
Og kven veit, kanskje det er flire niandklassingar som også får oppfylt ein draum i løpet av våren?

Sjå bilder og les meir under:

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 27.02.2017

Kevin sin draum var å jobbe på ein bilverkstad. Berge & co tok godt i mot Kevin og han fekk vere der heile vinterferien."Mekke bil er ferie", seier Kevin.

Viktorija sin draum var å få vere i ein barnehage og leike med barna der. "Dette synes eg er superkjekt", var Viktorija sin kommentar når vi var på besøk og såg korleis ho hadde det i Skarevik barnehage. Viktorija ville så gjerne vere der meir og fekk ein ekstra dag i lag med ungane i barnehagen.

Nirmia sin draum er å bli lege, og har mange spørsmål om utdanningsval. Nirmia hadde også eit ønske om at storebror Nirmann skulle få vere med. Turnuslege Maiken Kvalsvik på Nordfjord sjukehus tok godt i mot Nirmia og Nirmann med omvisning på sjukehuset. Maiken svara på mange spørsmål om utdanningsløpet for å bli lege. Ein super tur til Eid som vart avslutta med ein tur på kafè.

Mikael og Tarjei hadde samme draum om å jobbe med IKT, og få sjå korleis ein programmerar. "Eg synes alt LocalHost gjer er kult", seier Mikael. LocalHost og Eirik Færestrand tok i mot Mikael og Tarjei med både godteri, orientering og omvisning på tre avdelingar i firmaet.

Local Host.jpg - Klikk for stort bilete Viktorija.jpg - Klikk for stort bilete Nirmia og Nirmann.jpg - Klikk for stort bilete Nirmia på kafe.jpg - Klikk for stort bilete Kevin - Klikk for stort bilete

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering