Digitale tenester på Vågsøy folkebibliotek

Logo - Klikk for stort bilete

Har du høyrt at du no som brukar av biblioteket har tilgang til fleire digitale tenester? Du kan låne e-bøker via eBokBib-appen, sjå kort- og dokumentarfilmar på Filmbib.no og lese aviser og tidsskrift frå over 100 land på over 60 språk via PressReader-appen. Alt du må ha er eit lånekort frå biblioteket og pin-kode.

Kom innom, bli lånar og prøv dei ut!

 

  • eBokBib er ein gratis app som lèt deg låne e-bøker frå biblioteket.  Det du trenger for å låne e-bøker er ein mobil eller nettbrett og så må du vere registrert som lånar ved biblioteket. Du loggar inn på tenesta med ditt nasjonale lånekort og pin-kode. Ta kontakt med biblioteket dersom du enno ikkje har det eller ikkje hugsar nummeret! Vanlegvis brukar vi dei fire siste tala i lånarstrekkoden som pin-kode. Om eBokBib
  • Filmbib.no er ei gratis strøymeteneste av norske kort- og dokumentarfilmar. Her finn du ein unik samling av norske kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir. Det blir stadig lagt til fleire filmar. Også her loggar du på tenesta med ditt nasjonale lånekort og pin-kode. Filmbib
  • PressReader gir publikum på biblioteket enkel og uavgrensa tilgang til over 5000 aviser og tidsskrift frå over 100 land på over 60 språk. Alt kan lastast ned på nettbrett eller mobil via PressReader-appen som er gratis på Appstore eller GooglePlay. Etter ein har vore på biblioteket har ein tilgang til tenesta i 72 timar, uansett kva nett men er tilkopla. Nedlasta aviser/magasin kan lesast offline. Det er berre å laste ned appen og ta ein tur innom biblioteket.
Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 03.06.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering