E-resept i heile landet

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete E-resept er snart innført i heile Noreg. Tysdag 5. februar startar dei siste tre fylka: Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark.

Alle apotek i desse fylka kan ekspedere e-reseptar frå denne datoen.

Auka sikkerheit

At e-resept snart er innført i heile landet, er eit løft for pasientsikkerheita.

  • E-resept gir nedgang i fara for feilmedisinering, feilutlevering og uheldeg kombinasjon av legemiddel, seier avdelingsdirektør Anne-Lise Härter i Helsedirektoratet. E-resept gjer også kvardagen enklare for befolkninga, legar, apotek og bandasjistar.

 

Fordi apotek og bandasjistar hentar resepten frå ein sentral database, er det vesentleg vanskelegare å forfalske ein e-resept enn ein papirresept.

Med e-resept lanserast ei ny sjølvbetjeningsteneste på nett: Mine reseptar. Ho gir god oversikt over gyldige e-reseptar. Ein kan også få oversikt ved å be om utskrift på apoteket eller hos legen.

Fakta om e-resept

  • Frå 5. februar er e-resept innført i alle kommunar.
  • Alle apotek og dei fleste bandasjistar kan ekspedere e-reseptar.
  • Apotek og bandasjistar ekspederer også gyldige papirreseptar.
  • Legen sender resepten elektronisk til ein sentral database: Reseptformidlaren.
  • Du får vara utlevert ved å oppgi fødselsnummer eller namn og fødselsdato.
  • Helsedirektoratet har leia prosessen med nasjonal innføring av e-resept, i samarbeid med Apotekforeininga, apotekkjeidane og IT-leverandørar.
  • Dei regionale helseføretaka arbeidar for at også sjukehuslegar skal kunne ta i bruk e-resept. For tida går det ein pilot ved Haukland sjukehus og Helse Vest har bestemt at dei skal innføre e-resept i heile regionen. Helse Nord planlegg pilot til hausten og innføring i 2014.

 

Meir informasjon finns på eresept.no og helsenorge.no.

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 05.02.2013