E-sigarettar inn i røykelova frå 01.07.2017

Bruk av e-sigarettar i lokaler der allmennheita har adgang har så langt ikkje vore omfatta av «røykelova» fordi produktet ikkje er definert som ei tobakksvare og ikkje avgir røyk, men damp. Eigar/styrar av eit lokale kan likevel i kraft av styringsretten sin forby bruk av e-sigarettar i lokala/områda sine.

 

Frå 01.07.2017 vil likevel e-sigarettar, både med og utan nikotin, omfattast av røykelova (regjeringen.no) slik at det blir forbode å dampe alle stader der det no er forbode å røyke.

Direktoratet støttar dei verksemdene som allereie no inkluderer bruken av e-sigarettar i røykeforbodet sitt. Det har teke lang tid å få fjerna røyk frå innelufta, og det kan då verke unødvendig å tilføre ny luftforureining innandørs. Det finst stoff i e-sigarettane som kan medføre helseskader og plager (helsenorge.no). Dampen frå nikotinhaldige e-sigarettar inneheld så mykje nikotin at personar i nærleiken òg får det i seg.

Les meir: https://helsedirektoratet.no/folkehelse/tobakk-royk-og-snus/e-sigaretter-elektroniske-sigaretter-og-regelverk#e-sigaretter-inn-i-røykeloven-1.-juli-2017

 

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 16.06.2017