Ebøker frå biblioteka i Sogn og Fjordane!

Ebok - Klikk for stort bilete No er vi i gong med ebøker i Sogn og Fjordane!
I appen eBokBib kan du låne ebøker rett til telefonen eller nettbrettet ditt.

Rettleiing for å låne ebok finn du her http://ebok.sfj.no/

E-boktilbodet er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og bibliotek i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane.

Du får tilgang til hundrevis av e-bøker, og får same tilbod uansett kva kommune du bur i.

Vilkår for bruk

  • Du må vere registrert lånar ved eitt av biblioteka i fylket.
  • Du kan låne to bøker samstundes.
  • Lånetida er 14 dagar.
  • Du kan fornye kvart lån ein gong.
  • Du kan ha to reservasjonar samstundes.
  • Hentefrist for reserverte bøker er to dagar.

Les meir om steg-for-steg-oppskrift, vilkår, systemkrav med meir her.