Fellesnemnda på studietur i Bergen

Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest - Klikk for stort bilete Fellesnemnda for Kinn kommune er måndag og tysdag denne veka på studietur i Bergen for å hente inspirasjon til arbeidet med samanslåinga av Flora og Vågsøy kommunar.

Mellom anna har fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun orientert om prosessen og status rundt samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar.

Nemnda har òg besøkt Sparebanken Vest sitt nye hovudkontor der dei har fått tips av Jan Erik Kjerpeseth til korleis Kinn kommune kan byggjast som eit kraftsenter på kysten. Han trekte fram at det vil vere heilt avgjerande å halde følgje i den digitale utviklinga dersom ein skal lukkast og at satsing på IT difor må prioriterast høgt.

 

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 05.02.2018