Fellessamling for ungdomsråda i Nordfjord

Fellessamling1.jpg - Klikk for stort bilete

Mandag 25. mars arrangerte Ungdomsrådet i Vågsøy og Nordfjordrådet fellessamling for alle ungdomsråda i Nordfjord.

Medlemmar i ungdomsråda, ungdomskontakter og ordførarar frå Stryn, Gloppen, Eid, Selje og Vågsøy var samla i Nordfjordhallen. Med flott omvisning på Fagskulen og simulatoren og med lunsjservering av Restaurant og matfag fekk dei også sjå noko av det gode studietilbodet som er i Vågsøy.

Stortingsrepresentant Tore Storehaug og Andreas Akse frå Ungdomspolitisk utval innleia om det å vere ung politikar og runda av med gruppearbeid. Eitt av måla med samlinga var å kome med fråsegn til saker til Fylkesting for ungdom. Tema som helse og sosialt , kultur og idrett, klima og miljø, utdanning og samferdsle vart diskutert i gruppene. Stort engasjement frå reflektert ungdom vil vise seg igjen på FFU.

Fylkesting for ungdom 2019 vert arrangert 5. til 7. april på Thon Hotel Jølster, Skei. Frå Vågsøy reiser leiar Amila Adzemovic og nestleiar Sebastian Kvalheim.

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 27.03.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering