Folkemøte og offentleg ettersyn om ny kraftleidning "132 kV Ytre ring Nordfjord" i Vågsøy kommune

NVE
NVE

Det vert arrangert folkemøte i kommunestyresalen på Rådhuset onsdag 30. januar 2013, kl. 19.00.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke ein søknad med konsekvensutgreiing frå SFE Nett AS om ein ny ca. 67 kilometer lang kraftleidning "132 kV ytre ring Nordfjord". Kraftleidningen vert planlagt i kommunane Bremanger og Vågsøy, med nye transformatorstasjonar på Bremangerlandet og Hennøy. Grunninga for ledningen er tilknyting av konsesjonssøkte vindkraft på Vågsvåg, Bremangerlandet og Hennøy. Leidningen er og eit ledd i overgangen til 132 kV systemspenning i regionen.

På møta vil NVE orientere om sakshandsaminga. SFE Nett AS vil orientere om planane.
Meldinga og søknadene er lagt til offentleg ettersyn hjå Vågsøy kommune og tilgjengelege på www.nve.no.

Fråsegner til søknaden må sendast Noregs vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller elektronisk til nve@nve.no innan fredag 15. mars 2013.

Vel møtt!


Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 15.01.2013