Folkerøysting kommunereform - førehandsrøysting

Kommunereforma - Klikk for stort bilete

Sak om kommunereform og innbyggarhøyring var oppe til behandling i Kommunestyret 03.03.2016, K-sak 017/16. Det vart vedteke rådgjevande folkerøysting om kommunereforma 25. april.

Her er oversikt over kvar ein kan røyste måndag 25. april

Dersom du ikkje har høve til eller ikkje ønskjer å røyste på folkerøystingsdagen 25. april,  kan du førehandsrøyste frå måndag 21. mars til og med laurdag 23. april.

I Vågsøy kan du førehandsrøyste på servicetorget på rådhuset, Gate 1 nr. 64:
Måndag - fredag kl. 08.00 - 15.30 i førehandsrøysteperioden.

Utvida opningstid for førehandsrøysting:
Torsdag 21. april til kl. 18.00

Laurdag 23. april kl. 10.00 - 14.00

På institusjonane:
Bryggja omsorgssenter torsdag 21. april kl. 10.00 - 11.00
Kulatoppen omsorgssenter torsdag 21. april kl. 16.00 - 17.00
Skaretun omsorgssenter onsdag 20. april kl. 15.30 - 16.30

Måløy Vidaregåande skule:
Kantina torsdag 21. april kl. 11.30 - 12.30
Fagskulen torsdag 21. april kl. 13.00 - 14.00

Vågsøy ungdomsskule (modulbygget på Tennebø):

Onsdag 20. april kl. 11.00 – 12.00

Selstadgården:
2. etasje onsdag 20. april kl. 14.00 – 15.00

Bustadar gate 2:
Onsdag 20. april kl. 12.30 – 13.30

Nærare informasjon om dette finn du som oppslag på institusjonane og på skulen.

Røysting heime:
Veljarar som er sjuke eller uføre og av den grunn ikkje kan møte fram i røystelokalet på valdagen, eller i røystelokalet for førehandsrøysting, kan etter søknad til valstyret få røyste heime (der dei held til).

Fristen for å søkje om å få røyste heime er onsdag 20. april.

Søknad kan sendast skriftleg til Vågsøy valstyre, Postboks 294, 6701 Måløy eller på epost til post@vagsoy.kommune.no. Du kan òg kontakte oss på telefon 57 84 50 00.

Meir informasjon om valet finn du under "knappen": Rådgjevande folkerøysting

 

Har eg røysterett

Manntal - Rådgjevande folkerøysting

Valkort

Røystesetlar

Førehandrøysting

Brevrøysting

Rådgjevande folkerøysting

Brosjyre - rådgjevande folkerøysting

Vågsøy kommune - Nullalternativet (PDF, 335 kB)

Intensjonsavtale mellom kommunane Vågsøy,Selje og Vanylven (PDF, 491 kB)

Administrativ organisering og fordeling av oppgåvene (PDF, 309 kB)

Kommunereformrapport versjon 13.01.2016 - utgreiing (PDF, 2 MB)

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 29.03.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering