Folketalsutvikling pr. 01.01.2013

Ung i Vågsøy - Klikk for stort bileteUng i Vågsøy I løpet av 2012 vart det 499 fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane, og folketalet pr. 1. januar 2013 er 108.700.
Folketalsveksten i Sogn og Fjordane var på 499 noko som gjev ein folkevekst på 0,46% noko som er langt under landsgjennomsnittet.  Folkeveksten i landet var på 1,3% i 2012.
I Vågsøy er nedgongen på 10 personar og folketalet er no 6.119, ein nedgang på 0,16%.   

 


 

Selje har ein nedgang på 42 personar, Eid 30 personar medan Bremanger har ein auke på 54 personar i 2012.

Langt under snittet
Auken i folketalet i Sogn og Fjordane ligg langt under gjennomsnittet for heile landet, som var på 1,3 prosent i 2012.

Folketalet per 1. januar i Norge var 5.051.300, ein auke på 65.400 frå året før. Prosentvis er dette ein vekst som plasserer Norge heilt i toppen i Europa.

Sju av fylka i Norge hadde overskot av flytting innanlandsk, mens dei tolv andre opplevde innanlandsk utflytting.

I prosent var flyttetapet aller størst i Sogn og Fjordane, der den innanlandske utflyttinga utgjorde 0,8 prosent av folketalet.

Det som likevel fører til folkevekst i fylket i fjor, er ei innflytting frå utlandet på 1,2 prosent.

Desse veks mest
Førde og Gaular er kommunane i Sogn og Fjordane med sterkast vekst i folketalet i 2012.

Innbyggartalet i Førde auka med 252, ein auke på to prosent. I Gaular auka folketalet med 75, og dette er ein auke på 2,6 prosent.

Også Sogndal, Bremanger, Fjaler og Hornindal opplever ein auke i folketalet som er høgare enn landsgjennomsnittet (sjå tabell for heile fylket under).

Går mest ned
Prosentvis var det Hyllestad som opplevde den verste utviklinga i folketalet i 2012. Her vart det 33 færre innbyggjarar i løpet av året, og dette er ein nedgang på 2,3 prosent.

Dei andre kommunane med størst prosentvis nedgang i folketalet var Årdal, Selje og Lærdal. Her vart talet innbyggjarar redusert med høvesvis 0,9, 1,5 og 1,3 prosent.

 

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 21.02.2013