Forskrift om samanslåing av Flora kommune og Vågsøy kommune til Kinn kommune er fastsett

Flora og Vågsøy - Klikk for stort bilete

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) fastsette 19.12.2017 forskrift om samanslåing av Flora kommune og Vågsøy kommune frå 01.01.2020. Namnet på den nye kommunen er Kinn kommune.

I tillegg til å fastsette namn på den samanslåtte kommunen og tidspunkt for når samanslåinga trer i kraft, fastset forskrifta talet på medlemer i kommunestyret. Vidare blir det gitt overgangsreglar for lokale forskrifter, kommunale planar og reglar om forliksråd og om eigedomsskatt. Forskrifta er kunngjort på Lovdata. Forskrifta trer i kraft straks.

Forskrift om samanslåing av Flora kommune og Vågsøy kommune til Kinn kommune. (PDF, 247 kB)

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 02.01.2018