Forslag til kulturpris, idrettsstipend og kulturstipend 2017

Kommunevåpen std - Klikk for stort bilete

Alle som ynskjer det kan sende inn forslag på kandidatar til kulturprisen, kultur- og idrettsstipend 2017.

Forslag må grunngjevast og sendast inn innan 15. oktober til Vågsøy kommune.

OBS! Kultur- og idrettsstipend kan også søkast på av den einskilde utøvar!

KULTURPRISEN 2017

 

Kulturprisen delast ut kvart år, prisen er på 10.000 kroner. Den blir gitt til enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar med tilknyting til Vågsøy kommune. Prisen tildelast den eller dei som har gjort ein spesiell innsats for kulturlivet i kommunen.

 

KULTURSTIPEND OG IDRETTSTIPEND 2017

 

Stipenda skal stimulere til vidareutvikling innan kultur, musikk og idrett. Stipenda er kvar på 6.000 kroner. Einskildutøvarar, ei gruppe utøvarar eller ein leiar som har fremma kulturlivet eller idretten i kommunen kan søke på stipenda.

Det som tidlegare år har vore kalla for musikkstipend er no omgjort til kulturstipend. Dette er for å femne all type utøvande kunst og kultur, også musikk.

Alle som ynskjer det kan sende inn forslag på kandidatar. Forslag må grunngjevast og sendast inn innan 15. oktober til: Vågsøy kommune, Pb. 294, 6701 Måløy eller e-post: post@vagsoy.kommune.no

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 12.09.2017
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering