Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019.

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Vi ønskjer å nå fleire
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Her finn de og informasjon om viktige endringar i forskrifta som gjev effekt frå søknadsåret 2019.

Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfrist
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2019.

Sentralledd har tidlegare frist
Merk at sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Må vere registrert i Frivilligregisteret
Alle mottakarar av mva. kompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret 
innan 1. september 2019. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. 
Hugs at registrering kan ta litt tid

 

 

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 31.05.2019