Fylkeskommunen lyser ut bloggstipend for ungdom

ungdomsblogg_plakat.gif - Klikk for stort bilete Ungdom mellom 15 og 27 år har no sjansen til å søke om bloggstipend på 5000 kroner frå fylkeskommunen. Inkludert i stipendet er også eit bloggkurs.

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 04.08.2015

Ti ungdomar vert valde ut og får vere med på ei lærerik og inspirerande samling midt i september. Her vil deltakarane få diskutere med og bli inspirerte av kvarandre, samt lære om skriving, foto, marknadsføring og mykje meir frå erfarne fagfolk og bloggarar.

Prosjektet har fått namnet «Mine meiningar på mitt språk» og skal stimulere ungdom til språkleg tryggleik og gi støtte til unge nynorskbloggarar.

Vil inspirere til nynorskbruk

– Vi veit at mange unge nynorskbrukarar endrar målform og skriv bokmål på nettet. Målet med dette prosjektet er å inspirere fleire unge til å skrive på nynorsk og fremje nynorsk som eit språk for alle samfunnsområde, seier Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur.

I 2012 vart Sogn og Fjordane fylkeskommune kåra til årets nynorskkommune. Premien var 100 000 kroner, og det er desse prispengane som finansierer kurset og bloggstipendet for ungdom.

Kriterium for å søke

For å søke om bloggstipendet, må du like å skrive og formidle på nynorsk. I tillegg må du fylle desse kriteria:

  • bu i Sogn og Fjordane
  • vere mellom 15 og 27 år i 2015
  • forplikte deg til å skrive tre blogginnlegg på nynorsk om tre ulike tema og publisere desse på eigen, samt ein fylkeskommunal, blogg.

Fylkeskommunen arrangerer kurs for alle som får stipend 12. og 13. september. Søkarane må også legge ved eit kort «blogginnlegg» om eit valfritt tema. Innlegget må vere på mellom 200 og 500 ord.

 

Meir informasjon finn du her: http://www.sfj.no/ungdomsblogg.340761.nn.html

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering