God sommar frå Ungdomsrådet i Vågsøy
Onsdag hadde Ungdomsrådet i Vågsøy siste møte for sommarferien. Etter skulestart skal det velgast nytt ungdomsråd og sju av medlemmane står på val. Er du samfunnsengasjert? Har du lyst å lære mykje om kommuna di? Har du lyst å vere med i ungdomsrådet frå hausten 2018? Då må du melde frå til administrasjonen eller elevrådet på Vågsøy ungdomsskule eller Måløy vidaregåande skule.
Det er lærerikt og kjekt å engasjere seg!
Publisert av
Dagny-Ann Gangeskar.
Sist endra 21.06.2018
|