Gratulerer til Jonas, Frode og Verena!

Kulturpris, idrettsstipend og musikkstipend 2016 - Klikk for stort bilete Årets kulturpris, musikkstipend og idrettsstipend er delt ut i kommunestyret i dag, 15.12.2016. Med gode innspel var det Verena B. Våge som fekk musikkstipend, Jonas Våge idrettsstipend og Frode Helgestad årets kulturpris.
Vi gratulerer med velfortente stipend og pris, og ønsker lykke til med innsatsen vidare! 

Frode Helgestad bur på Raudeberg og jobbar i PPT Eid og Vågsøy. Frode har vore sentral i kulturlivet i Vågsøy sida han flytta hit på 80-talet, og jobba i musikkskulen i Vågsøy og seinare spelte i det populære Rubber buscuit rythm and bluesband. Frode var også sentral i syngespelteater på Skram skole på 90-talet. Det er sikkert mange som minnast med glede å vere med i oppsetting av Annie, Folk og røvarar i Kardemommeby og Hakkebakkeskogen. Frode har vore dirigent for Skram skoles musikkoprs, Nordstranda ungdomskorps, Bryggja skulekorps og har også vore instruktør i mange korpssamanhengar.

Frode har dirigert Viltkoret i 16 år, Stormklang i fleire år og har i haust engasjert seg i andre kor som har stått utan dirigent og musikalsk leiing. Han har ein finger med i spelet i mykje som arrangerast i kor og musikklivet i kommuna, som t.d. arrangement av songar, dirigering, pianist og som lydmann. Frode er kjent som ein positiv mann med god kommunikasjon med både born og vaksne.

Verena er 13 år og kjem frå Vågsvåg. Til dagleg er Verena elev på Vågsøy ungdomsskule, og har vore elev på kulturskulen frå ho var seks år både på piano og kornett. Verena er aktiv i Holvik skulekorps og gledar seg til å vere med i Torskangerpoll musikklag når ho vert gammal nok. Verena har gleda andre med sine flotte tonar på Kulatoppen og i kyrkja, og var sist sommar på tur med familien til Iowa, USA og deltok på fleire kyrkjearrangement både på flygel og kornett. Det er mykje og iherdig øving som ligg bak Verena sine vakre tonar.

Jonas er 15 år og kjem frå Vågsvåg. Jonas går siste året på Vågsøy ungdomsskule og er aktiv fotballspelar på TMfk/SIL G15/16, og har spelt fleire kampar for TMFK sitt A-lag i 4. divisjon. Jonas har prestert på høgt fylkesnivå og på kretslaget var 13 år. I 2016 deltok Jonas på fotballkretsen sitt toppsatsingsprosjekt Team Sogn og Fjordane, og har også representert Sogndal fotball på toppfotballturneringar i årets sesong. Jonas er utviklingsorientert og treningsvillig og er ofte å sjå på Måløy stadion utanom fellestreningar.

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 15.12.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering