Handlingsdelen til kommuneplanen for Vågsøy kommune, 2014-2017, melding om vedtak

Handlingsdelen til kommuneplanen i Vågsøy 2014-2017 Vedtatt 13.02.2014 i K-sak 004-14 - Klikk for stort bilete Planen konkretiserer nokon av tiltaka vi skal setje i verk dette året og den komande 4-års perioden for å nå visjonen VEKST OG TRIVSEL.

Handlingsdelen gir føringar for prioritering av ressursar, planleggingsoppgåver og samarbeidsprosjekt innanfor vårt økonomiske handlingsrom.

 

 

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-1, 4 og 15 vedtok kommunestyret i sak K004/14 den 13. februar Handlingsdelen til kommuneplanen for Vågsøy kommune 2014-2017.

Den største utfordringa knytt til vekst er folkevekst og utvikling av større og robuste bu- og arbeidsmarknader. For å skape folkevekst er det viktig å leggje til rette for næringsliv og gjere det attraktivt å bu i kommunen. Prioriterte satsingsområde for å nå visjonen vekst og trivsel er difor:

  • Godt å bu
  • Handlekraftige regionar
  • Gründerkommune
  • Levande sentrum

Skal vi som samfunn greie å skape vekst og trivsel må både kommune, regionale og statlege instansar, næringsliv, lag og organisasjonar og alle innbyggjarane i kommunen delta i oppfølging av prioriterte tiltak i handlingsdelen. Vi utfordrar dykk til å vere med å gjennomføre handlingsplanen.

Planframlegget finn du her (PDF, 3 MB) og i papirversjon på Servicetorget på rådhuset i Måløy.