Har du lyst å vere leseombod/leseven?

Bli leseombud.jpg - Klikk for stort bilete Mange menneske mister synet på sine gamle dagar og mange av desse ønskjer seg gjerne høgtlesning. Menneske med utviklingshemming har ofte svake leseferdigheiter, men eit leseombud kan bidra til både auka interesse for bøker og betre ordforråd. Nye nordmenn treng ein arena der dei kan høyre og snakke norsk.

Høgtlesning er ein ypparleg måte å bli kjent med eit nytt språk på. Også andre menneske kan ha stor glede og nytte av eit leseombud, til dømes menneske med demens, afasi, psykiske lidingar eller konsentrasjonsvanskar.

Rundt om i landet finnast det over tusen frivillege som les for folk som ikkje kan lese sjølv, eller som ønskjer nokon å prate med. For mange av dei er leseombodet vekas høgdepunkt.

Vågsøy folkebibliotek ønskjer å organisere fleire leseombud som kan lese høyt for eldre, svaksynte, menneske med utviklingshemming eller demens eller andre som treng å høyre ei vennlig røyst i kvardagen.

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane organiserer i samarbeid med «Leser søker bok», eit UFORPLIKTANDE kurs for leseombod/lesevener ulike stadar i fylket vårt før sommaren. Kurset er lagt opp som eit dagskurs der ein kan treffe andre som er leseombod, lære av erfaringane deira og få tips om lesestoff og korleis ein kan leggje opp eit slik besøk

Sjå meir om leseombodordninga her: http://lesersokerbok.no/leseombud/

Er du interessert?

Ta kontakt med biblioteket 57845132, bibliotek@vagsoy.kommune.no

eller Frivilligsentralen post@vagsoy.frivilligsentral.no

 

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 07.02.2017 13:37
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering