Hørselsnettverk for Ytre Nordfjord

Hørselsnettverk for Ytre Nordfjord - Klikk for stort bilete Vågsøy kommune er deltakar i Hørselsnettverk for Ytre Nordfjord. Nettverket er eit samarbeid mellom Statped Vest, PPT og kommunane Vågsøy, Eid, Selje, Gloppen og Bremanger. Formålet med dette nettverket er å spreie kunnskap om hørselshemming, og lage ein kultur for deling og læring.  Målet er at alle barnehagar og skular som har barn som er døve og hørselshemma skal vidareutvikle og halde ved like kunnskap om hørselshemming.

I dag (29.04.2015) har tema vore deltidsopplæring, og Statped Vest som alternativ opplæringsarena. Vi har hatt besøk av Camilla Bøe og Kjerstin Gundersen frå Statped Vest avdeling Hunstad. Dei har også gjeve informasjon om kva kurs- /kompetansehevingstilbod Statped Vest har til pedagogar/tolkar/assistentar.

Tekst og foto: Viviann Midtbø

Publisert av Bjørn Roger Rasmussen. Sist endra 29.04.2015
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering