Høyring, Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskiltt tilrettelagt for heildøgnsteneste i Vågsøy kommune

Kommunevåpen std - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune legg ut på høyring forslag til forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester.  

Formålet med forskrifta er å sikre rettsstillinga til pasientar og brukarar med omfattande bistandsbehov når det gjeld retten til sjukeheimsplass. Forskrifta skal tydeleggjere vurderingsmoment Vågsøy kommune legg til grunn for å tildele langtidsopphald. Videre skal forskrifta tydeleggjere korleis Vågsøy kommune skal følgje opp personar som står på venteliste til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester.

Vågsøy kommune legg til grunn at forskrifta gjeld kommunens sjukeheim og bemanna omsorgsbustader, som pr. i dag er: Kulatoppen institusjon, Kulatoppen omsorgssenter, Skaretun II og Bryggja omsorgssenter.

Det takast sikte på politisk handsaming av forskrifta i september 2017, med ikrafttreding 01.10.2017.

Alle som ønskjer det kan gje uttale til høyringa.

Frist for å gi høyringsuttale er 15.08.2017. Høyringsuttale merkast med sak.nr. 17/301.

Les forskrifta her (PDF, 410 kB).

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 16.06.2017