Høyring: Lokal forskrift om feie- og tilsynsgebyr

Nye Kinn kommune - Klikk for stort bilete

Fellesnemnda i Kinn kommune viser til Forvaltningslova § 37 og informerer om at det er utarbeidd forslag til lokal forskrift om gebyr for feiing og tilsyn etter brann- og eksplosjonsvernloven.

Vi viser til Forvaltningslova sine reglar og ber om uttale før forskrifta vert endeleg vedtatt. Forskrifta ligg også til gjennomsyn på Flora kommune og Vågsøy kommune sine heimesider, og på servicetorga til Flora og Vågsøy kommunar.

Les forslag til forskrifta her

Frist for innspel er sett til 04.07.2019 – og sendast til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, post@vagsoy.kommune.no eller per post til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 05.04.2019