Høyring: Lokal forskrift om gebyrer for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forurensingsregelverket

Nye Kinn kommune - Klikk for stort bilete

Fellesnemnda i Kinn kommune viser til Forvaltningslova §37 og informerer om at det er utarbeidd forslag til lokal forskrift om gebyr for sakshandsaming, kontroll og tilsyn etter forureningsregelverket.

Forskrifta omfattar gebyr for sakshandsaming, og kontroll/tilsyn med:

  1. Utslepp av sanitært avløpsvann frå bustadhus, hytter og liknande
  2. Opprydding i forurensa grunn ved bygge- og gravearbeid
  3. Utslepp av kommunalt avløpsvann frå mindre tettbebyggingar
  4. Utslepp/påslepp av oljehaldig vatn
  5. Påslepp av fetthaldig vatn

Forslaget til forskrifta kan du lese her.

Vi viser til Forvaltningslova sine reglar og ber om uttale før forskrifta vert endeleg vedtatt. Forskrifta ligg til gjennomsyn på Kinn kommune, Flora kommune og Vågsøy kommune sine heimesider, og på servicetorga til Flora og Vågsøy kommunar.

Frist for innspel er sett til 09.06.2019 – og sendast til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, post@vagsoy.kommune.no eller per post til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 11.03.2019

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering