Informasjon om arbeidet med prehospital plan i Helse Førde

Helse Førde.jpg - Klikk for stort bilete

Helse Førde har starta arbeidet med ein prehospital plan. Det prehospitale området i Helse Førde omfattar bil-, båt- og luftambulansetenesta samt akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK).

Målet med arbeidet er å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane gode prehospitale tenester, og å leggje til rette for eit vidare godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane om den akuttmedisinske kjeda. 

Helse Førde er klar over at dette er eit prosjekt som vil bli møtt med stor interesse og engasjement frå innbyggjarane og kommunane og søkjer difor å informere så godt som råd etter kvart som arbeidet går framover.  
 

Føretaket har oppretta eit eige område på internettsida helse-forde.no med informasjon om planarbeidet. Her kjem dei til å leggje ut oppdatert informasjon, og det vil bli mogeleg å sende spørsmål og kommentarar til Helse Førde. 

Dei viktigaste nyheitene frå arbeidet vert også publisert på facebook og twitter.
 
Ein håpar på god kontakt og godt samarbeid i arbeidet. 
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 08.12.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering